Tekst: Ole Stian Hovland, IKA Kongsberg
IKA Kongsberg ser alvorleg på Justisdepartementet sitt ynskje om å svekke innbyggjarane sine rettar til fordel for ein meir avslappa arbeidskvardag i forvaltninga.
Alle kan krevje innsyn i dokumentasjonen som vert skapt i offentleg forvaltning. Regelen gir diverre ikkje meining når det ikkje finst noko å gi innsyn i.
Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring forslag om å endre offentleglova, offentlegforskrifta og arkivforskrifta. Vi har svara departementet på høyringa, men vi meiner at vi også må gjere vårt for at du som innbyggjar kjenner til kva som står på spel.
Lettare å skjule dokumentasjon
Det er unødvendig med ei uttømmande forklaring av kvart endringsframlegg. Kort oppsummert er meininga at det skal bli lettare å skjule dokumentasjon for ålmenta. Endringane betyr at det vil bli mindre tilgjengeleg dokumentasjon, og det vil bli vanskelegare å vite om at det finst dokumentasjon av offentleg verksemd. Forslaga betyr beint fram at den demokratiske retten til innsyn i offentlege dokument vert innskrenka.
Samarbeid mellom forvaltninga og arkiva
IKA Kongsberg er eit interkommunalt selskap, eigd av 37 kommunar og to fylkeskommunar som soknar til Buskerud, Vestfold og Telemark. Vi er arkivinstitusjonen deira. Vi skal sikre at dokumenta, journalane og arkiva, er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid, slik arkivlova seier. Innsatsen hjå eigarane våre og verksemda vår, gjer at det faktisk finst noko å gi innsyn i. Berre i fjor heldt vi over 250 arrangement i form av kurs, møte, webinar og anna for å sikre at dokumentasjon vert skapt, og sikra at den er tilgjengeleg.
Eigarane våre og vi gjer dermed vårt beste for å sikre innbyggjarane sin rett til dokumentasjon, trass i dei innskrenkingane som alt finst i regelverket og trass i mangelen på myndigheitskontrollar.
Nedbrytning av demokratiske rettar
Frå vår ståstad kan vi ikkje støtte endringsforslaga. Dei bryt både med våre eigne etiske kjerneverdiar og med yrkesetiske retningsliner for arkivarar. I tillegg til at endringsforslaga bryt ned grunnleggjande demokratiske rettar for innbyggjarane og grobotnen for eit levande demokrati, er dei heller ikkje i tråd med FNs bærekraftsmål, som er ein felles arbeidsplan både nasjonalt og globalt.
God forvaltningsskikk tilseier at forvaltninga ikkje skal vere lukka og vanskeleg å ha med å gjere, men sakleg, open og serviceinnstilt.
IKA Kongsberg er like fullt mest bekymra for argumentasjonen som vert lagt til grunn når departemenet nedvurderer rettane til innbyggjarane. God folkeskikk tilseier at ein ikkje skal vurdere «den frie, interne meningsutvekslingen i organet» som viktigare enn innbyggjarane sin rett til innsyn.
Det er behov for ei påminning; marsjordren står i § 100 i Grunnlova: Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.
Denne saken har blitt publisert som leserinnlegg i flere aviser i vår region.