Anette Rattfelt er arkivleiar i Tokke kommune, og som du forstår av overskrifta, trivst ho godt der. I dette intervjuet kan du lese om tankane hennar om blant anna IKA Kongsberg, gode arkiv og dokumentfangst.
PS! Biletet av arkivleiaren på dokumentfangsttur over er redigert ved bruk av KI.
Arkivleiarane har ein viktig funksjon i kommunane. Dei har ansvaret for å sikre at alle dokument og informasjon som er produsert og teke imot av kommunen blir tatt vare på og organisert på ein trygg og effektiv måte. Dei har også ansvaret for samarbeidet med eksterne arkivinstitusjonar som IKA Kongsberg. I det daglege arbeidet for våre eigarkommunar er det arkivleiarane me jobbar tettast med.
Me presenterer fleire av desse arkivleiarane gjennom ni faste spørsmål. Denne gongen er det Anette Rattfelt, som er arkivleiar i Tokke kommune. I 2022 budde det 2 140 innbyggjarar i kommunen.
Kva er bakgrunn for å jobbe med arkiv i din kommune?
Stader som du likar bør du ta deg tilbake til! Eg likar Tokke og folk her, og har budd her tidlegare. Eg har min arkivutdanning frå Mittuniversitetet i Sverige.
Kva betyr gode arkiv for kommunen og innbyggjarane?
Arkiv betyr mykje. Dei er spor av det som har skjedd og er viktig for oss alle. Gode arkiv er viktige for å sikre rettigheiter og hugse på korleis fakta var. Gjennomsiktig og tilgjengeleg informasjon er like viktig som avgrensa tilgang; informasjon må bli forvalta rett. Det er viktig for demokratiet og for at forvaltning og handsaming skal skje rasjonelt og riktig. Arkiv kan vere makt, identitet og bevis.
Kor lenge har du jobba med arkiv, og IKA Kongsberg spesielt?
Eg begynte som arkivleiar i Tokke kommune 2023. Tidlegare har eg jobba i museumsverda, for ei arkivorganisasjon i Sverige, i Åseral kommune, og med informasjon i eiga bedrift.
Er det nokre av tenestene til IKA Kongsberg som har vore spesielt viktige for dykk, og kan du seie noko om kvifor?
Det har vore viktig med rask respons og deling av kunnskap, og me har hatt god kommunikasjon.
Korleis har samarbeidet med IKA Kongsberg påverka dykkar eige arkivarbeid?
Det har gjort arkivarbeidet sterkare i kommunen.
Har du spesielle opplevingar du vil trekkje fram frå samarbeidet med IKA Kongsberg?
Det var godt at de raskt tok i mot arkiv som skulle deponerast og at de brukte fleire timar på oss når me kom til omvising og diskusjon.
Instagram-video frå eit besøk arkivtenesta i Tokke hadde på IKA Kongsberg
Kva er dine forventningar og ynskje for samarbeidet vidare med IKA Kongsberg?
Eg håpar me kan fortsette med det samarbeidet me har.
Kva tenkjer du om utviklinga til arkiv i åra som kjem?
Vanskeleg å seie, men det blir ei spanande tid med den digitale utviklinga. Kva skal lagrast og korleis? Det er et stort problem med dokumentfangst, men også at me lagrar for mykje, både med tanke på personvern og energiforbruk. Kva slags informasjon skal me ordne og lagra på serverar til evig tid?
Kva trur du vil prege utviklinga i arkivfaget i åra som kjem?
Teknikk, rettigheiter og automatisering.